tirsdag, oktober 31, 2006

Google og anna (eit slags fyreord..)

Godtfolk!

Då er vi endeleg på nett her. Som vanleg seint ute, men akkurat dèt burde ikkje koma som noko stor bombe.. Sant å seiast var ambisjonen å få i gang ei skikkeleg heimeside, men mellom mange gjeremål vart dette altså prioritert ned. Hadde det ikkje vore for Google og glimrande vegleiing frå bank-kollega Håvard, så hadde det vel neppe blitt noko nettrapportering i det heile. Stor takk der.

I skrivande stund har hauststorm nr. 2 fest sitt grep om det sør-norske låglandet og utanfor Lista meldast det om inntil 14m høge bylgjer. Misunnar ikkje den stakkar som måtte halde hus på sjøen under slike tilhøve, men skjønar samstundes at det kan vera oss neste gong. Men vi vil ikkje ut i slikt vèr, og så langt har vi vore flinke og gjennomført turen heilt etter plan. Ragnar Kvam (og mange mange andre) har fortalt om dag ut og dag inn med venting i Cornwall som fylgje av for sein avgang. Vi ville over Biscaya før det usikre haustvèret sette inn, og dette var grunnen til at vi den 22. juli kasta loss frå Hovedøya med eit utall meter listverk, kryssfiner og teak-klossar samt autopilot i pappkasse. For sjølv om vi hadde jobba døgnet rundt den siste tida før avreise, var det framleis mange ugjorte prosjekt - men segla var i orden, båten var tett, motoren gjekk og lanternene lyste. Dessutan var det +25C, pilsen var kald og reisefylget utolmodig ventande på Aker Brygge. Det var ingen grunn til å vente (sjølv om det skulle vise seg at båten slettes ikkje var like tett som dassen, at monteringa av autopiloten skulle ta ei veke lengre tid enn antatt og det venta vindkast i Nordsjøen som tok knekken på rullefokka..) for denne dagen skulle vi starte den lange ferda mot fjordlandet ved sydpolen - New Zealand.