tirsdag, januar 09, 2007

Men kor er alle piratane????


Unnskyld, men det går litt tregt med denne blogginga om dagen.. mogleg det er varmen, den lokale manjana haldninga eller det er det at ein rett og slett har kome i feriemodus!! Kanskje vi burde gjera som mange av dei ander båtane her - innstallere aircondition og tv..!

No er vi altså i Trinidad der vi ligg i ei lite sjarmerande havn ved navn Chaguaramas. Øystein og Eva mønstra av i Charlotteville på Tobago, og dette kjennest - for plutseleg blei det dobbelt så mykje å tenke på i det daglige båtstellet (og halvparten så mykje tid til blogg.) Bake brød feks; EVA - stor takk til deg for at du heldt døgnrytmene våre i gang og for dei nydelege brødbakstane vi fikk servert over Atlanteren. Og takk til Øystein for iherdig innsats i seine nattetimar bak roret og for framifrå improvisering under diverse nødvendige reparasjonar. Utan dykkar reisefølge hadde det blitt ein slitsom tur over det store havet - det er heilt sikkert. Så takk for det usedvanleg trivlege fylgjet!!

Karoline kom i den forrige mailen med litt highlights frå dei 20 dagane og 4 timane det tok å krysse, men tenkte likevel eg skulle utdjupe litt. Startar med tørre facts: I direkte linje er avstanden Las Palmas - Charlotteville 2727 nm, mens tripteljaren viser at vi tilsaman segla 2.904 nm. Med dette gjorde vi altså 5.63 knop i snitt mot målet (VMG = velocity made good), mens vi i realiteten hadde ein snittfart på 6.0 knop (SOG = speed over ground). Dette kan jo ikkje måle seg med Frostad & co, men så tvilar eg på om han har med seg slikt som nisseluve og hardingfele når han skal på tur! Likevel er eg glad det ikkje gjekk særleg raskare enn det det gjorde, for til tider gjekk det bra friskt for seg. Karoline sette vel mest sannsynleg ny verdsrekord for Puma 38K på den der bølga nord for Kapp Verde, men det var noko eg ikkje fekk med meg der eg låg og purka bak i akterlugaren. Må innrømme at eg fekk ein liten mistanke om eit og anna då eg vakna til ny vakt, for sjeldan har eg vakna opp blant så våte laken. Men det er straffen for å gå til køys i liten storm utan å sikre luka 100%..

Vi hadde altså ein frisk start på atlanterhavsseilasen, og etter at spristaken hadde knukke for andre gong i løpet av 15 timar vurderte vi å gå mot havn på Kapp Verde. Etter ein leiteaksjon blandt diverse tenkjelege og utenkjelege ting og tang som ein har samla med seg (for det kunne jo hende det kanskje kunne koma til nytte!), så fant vi ut at staken kunne spjelkast (innvendig) med eit stålrør som vi fora ut litt med ein slange slik at denne ved hjelp av litt Zalo passa tett og fint inn i spribommen. Dei siste restane av batteridrill blei så brukt til å sikre at dette skulle halde saman ved hjelp av skruvar. Til slutt la vi nokre lag glassfiber som ein utvendig spjelk for å vera heilt aldeles 100%. Konstruksjonen har ikkje vist svakhet til dags dato, men det må seiast å vera ei ulempe at ein helst bør ha norgesmesterskap i støt for å få det heile på plass.

Då spribommen knakk for andre gong tok vi omsider hintet om å redusere seglføring. Vinden var ikkje skremande sterk, men pga bølger var det såpass slitsomt å stå til rors at vi i ca eit døgn reduserte til kun stormfokk. (Likevel gjorde vi 115 nautiske dette døgnet). Sjølv om seilasen gjennom dei vindfulle døgna egentlig gjekk veldig greit, så var det godt å koma inn i rolegare farvann den 12. desember.

Etter kvart som dagane skreid på seig segledagsrytma sakte men sikkert inn. Eit typisk døgn (dette blir litt frå mi side altså…): 06:00 Karoline og Eva går på vakt og får med seg nydeleg soloppgang og nytrekt kaffe mens Øystein og eg stupar til køys etter litt styr i byssa med tysk rugbrød, smør og skinke. For min del er dette dei beste søvntimane – vinden roar seg (som regel) og surret frå vindmølla montert på mesanen (dvs 8m over hovudet) roar seg. Når det er sagt kunne eg av og til ynskt meg meir vindmøllebråk for å døyve pratinga og latteren til jentene på dekk! Me har ikkje fått somla oss til å montere gardiner i akterlugaren, slik at ca kl 1100 er det slutt på natteroa. På dette tidspunkt skin sola ubønnhørleg inn og den lokale drivhuseffekten gjer det totalt unødvendig med vekkeklokke. I grunnen er dette heilt greit, for kl 1200 er det tid for ny vakt. Eva og Karoline lærte seg etterkvart å handtere den flotte havfiskestonga (takk for den Tor Håkon!!!), så ved vaktskiftet var alt dekka og klart for Øystein og meg.

12 til 18 vakta var døgnets høgdepunkt. Ofte var me vakne alle mann og børa var god slik at det vart tid til diverse prat og avslapning. Ein dag det var fint ver henta Karoline fram hengekøya og monterte denne mellom forstag og mast – ein glimrande idè, men litt skremande i dei største dønningane. Så kl 1510 var det tid for å gjera opp døgnstatus med posisjon og ajourføring av logg med siste døgnets tilbakelagte distanse. Som regel havna vi mellom 130 og 140nm, men eit døgn (dag 3 – ulykkesdøgnet med brukne spribommar og røket kutterstag) logga vi heile 165 nm. Me nerma oss liknande distanser dei siste dagane i passaten, men dette er p.t Makai’s døgnrekord. Så kl 1600 var det på med satelittelefonen ein times tid for besvaring av eventuelle bekymra anrop frå heimen. Me gløymde aldri 1510-tidspunktet, men det å få på satelitten til rett tid var usedvanleg vanskeleg og eg vil med dette be dei som ringte oss til avtalt tid så mykje om orsak for evt daud tlf.

Av ein eller annan grunn hadde Doradoen eller Gullmakrellen for vane å bite på i 17-tida. Denne turkisblå/grøn fisken – ofte 2-3 kg stor (dei me fekk var på denne sizen i alle fall..) har den eigenskapen at han skifter farge og blir gyllengul når han kjem opp av vatnet, og fyrste gong han vart hala på dekk meinte faktisk Karoline at dette var den vakraste fisken ho hadde sett! Med unntak av ein tunfisk skulle det vise seg at dette var den einaste fiskesorten me klarte å fange, så etterkvart var det ikkje like mykje stas når det beit på. Men det var ein glimrande matfisk som gav oss mange gode middagar.