fredag, november 24, 2006

Portimaô - 24.november

Ankom Portimaô kl 1000 i går formiddag etter ein flott seilas med til tider perfekte vind og bølgeforhold. I skrivande stund (ca eit døgn etter at vi la til kai) har det lenge varsla uværet for alvor tatt tak og hvislelydar frå hundrevis av master ligg som eit kakofonisk lydteppe over marinaen. Etter å ha sove 1 time førre døgnet skjønar eg ikkje kvifor eg ikkje ligg under dyna og snorkar som resten av båten – er det alderen som melder seg tru???!

Elles kom Karoline frå Lisboa med gladnyhetar i går. Satelittelefon og nettilkopling er ordna slik at vi atter kan motta dei viktige vermeldingane sjølv om vi er aldri så langt til havs.. Etter å ha brukt ei formue på nyttelaus telefonsupport og med eskalerande frustrasjonsnivå som resultat, er det godt å ha fått rydda dette problemet av banen. No er vi endeleg 100% rusta for dei verkeleg store etappene!

No er vi litt på hælane i høve til den opprinnelege tidsplanen, så det spøker nok for turen innom Kapp Verde. Mest sannsynleg drar vi direkte frå Kanariøyane til Tobago slik at vi er framme der i romjula ei gong. Dessutan får vi på nytt mannskap ein eller annan stad i Karibien i midten av januar, så vi bør jo halde tida så nokolunde.. (Espen, du treng ikkje vera redd – me skal nok koma å plukke deg opp!!). Siste vèrvarsel seier at vinden vil roe seg utover natta og morgondagen og meldingane er også greie for dei neste 4 dagane. Etter alt å døme dreg vi difor herfrå i morgon formiddag.

torsdag, november 23, 2006

Teknisk trøbbel og lågtrykk forsinkar oss..

Vi hadde håpa på å gå direkte til Gran Kanaria då vi gikk ut frå Povoa, men kom dessverre ikkje lengre enn til Cascais! Har problem med å motta vermelding via satelittelefon, og sidan Makai pga diverse biologisk vedheng på undervannsskroget gikk litt langsamare gjennom sjøen enn antatt, gikk vi inn i her for å sjekke siste vernytt. Vi har no vore her eit døgn, men går vidare til Algarvekysten i dag (22/11). Karoline drar inn til Lisboa for å få skikk på satelittelefonen, mens vi andre tar båten ned til Lagos evt Portimao. Det er ca 120 nautiske ned dit, så reknar med å vera framme i løpet av morgon formiddag. Og med Karoline i land overtar eg kapteinrolla. No skal jammen mannskapet få køyrt seg! Hehe

søndag, november 19, 2006

Las Palmas neste!


Pòvoa de Varzim er ei våt og vindfull oppleving. Lenge sidan eg har opplevd slikt av på vèr som viser seg her, og det seier ikkje så lite - for sjølv om Vågslid ligg på den såkalla ”solsida av Haukelifjell”, så er det ikkje innlandsklimaet som dominerar. Heldigvis ligg denne kystbyen nord for Porto på breiddegrader som tilseier mange plussgrader sjølv om datoen i dag er 19. november. Men eg veit ikkje – til tider ville eg foretrukke minusgrader og snostorm for då held ein seg i allfall tjurr! Det er greitt å bli våt ei eller to gonger, men når det er slik at ein renn dyvåt berre ein stikk tåa utanfor salongen, ja då vil eg heller vera i ei skikkeleg snoføykje. Når det er sagt ville eg ikkje vore ein annan stad enn der eg er akkurat no!

Etter planen skulle vi no vore på veg til Kanariøyane. Ein kan skulde på vèrgudane, men sant skal seiast at uansett om havet hadde vist seg frå si beste side med fin bris og rolige dønningar, så hadde vi ikkje kome oss av garde likevel. Årsaken til dette ligg godt tilbake i tid – heilt tilbake til Hovedøya i sommar då vi dreiv på som verst med tetting av båt, saging, hogging, mekking og snikkering. Sjølv om vi var sikre på at båten etter kvart var tett, så fant vi fort ut at nei då, det var slettes ikkje tilfelle. Vatn sipla inn frå rorstamme, propellaksling og vindauga. Særleg sistnevnte meinte vi å vera innanfor kompetanseområdet, og eg tek ikkje for hardt i når eg seier at vi til saman brukte 4 døgn på langflat åling langs dekk med sikaflex, aceton, såpe og skrutrekkar. For dei som ikkje er spesielt interesserte i den slags arbeid kan eg berre anbefale ein ting – gje blaffen, kom deg til Portugal, engasjer ein lokal handtverkar og konsentrer deg heller om å få skikk påhengaren til lettbåten. For det er den vi ventar på no. Påhengaren og elektrikaren som skal fikse dynamoen!!

Eit anna godt råd for komande langfarande er å ikkje la favorittkleda ligge att i båten når du dreg heimatt. I løpet av dei godt og vel 2 månadane vi var heime i Oslo har ein eller annan muggsopp funne seg til rette i klesskapet og på dekorativt vis laga grøne og blågule fargemønster i dei før så flotte skjortene. Ein runde med Blenda tok rettnok knekken på fargane, men det er ikkje spesielt vakkert med gråprikka kvitskjorte heller.

Men bortsett frå vèr, vind og litt anna småtteri byrjar ting å bli rektig så bra. Båten er etter kvart tett, motoren gjeng fint, og vi har funne plass til det meste av utstyr, mat og klede slik at det faktisk ser ryddig ut. Dessutan fikk vi her om dagen på plass resten av mannskapet. Øystein og Eva kom frå Moss og vi merkar alt no kor mykje enklare og raskare ting går når det er fleir til å dele på oppgåvene. Eva laga ein glimrande kalkunmiddag i går og Øystein tok glatt på seg snikkararbeid då det visa seg at botnen var på veg til å falle ut av barskapet. Vi er veldig glade for å ha selskap over Atlanteren. I tillegg til det sosiale er det heilt klart mykje tryggare å vera 4 over eit såpass havstrekk. No skal ikkje eg skryte på meg særleg mykje langturerfaring, men vi gjorde oss nokre gode erfaringar på turen ned hit i sommar. I og med at det heile tida må vera minimum ein på vakt blir det i lengda ganske slitsomt å segle berre to.

Sondag 19. november er dagens dato, og vi bestemt oss for å kaste loss! Påhengaren er fiksa, dynamoen ladar, mat og drikke er handla inn, og vèrprognosene er greie. For fyrste gong sidan vi kom hit er det tilnærma opphald og vinden er fin både på retning og styrke. Det er dessutan meldt full storm her komande torsdag, så det er berre å koma seg av stad! Vi tar sikte på å nå Las Palmas på Gran Kanaria om ca ei veke. Reknar med det er mogleg å finne plass der då i og med at startskotet for ARC-seilasen er den 26.

Vi gler oss til varmare vèr, mindre regn og fin seilas sydover!!

I Ruffens rike

”Fogpatches” meldte dei over VHF’en då vi nærma oss Skotlandskysten i sommar. Det høyrtes uskuldig ut i mine øyro, men 12 timar med 50–100 m sikt i mørkret mellom boreriggar og ivrige fiskarar var slitsomt. Under slike forhold er ein omtrent nøydd å vera to på vakt; ein bak roret og ein som hjelper til med utkikk. Sidan vi ikkje har radar er skrekken å møte skip på kollisjonskurs og med sovande kaptein. Saman med syster mi Lena kom vi oss fint gjennom skoddebankane utanfor Skotland, men trøyttande var det. I tillegg til å få på plass ny rullefokk, blei prosjekt nr.1difor å installere autopiloten. Viktigheten av å få denne operativ blei ytterlegare forsterka etter turen gjennom Irskesjøen.

Det var midt på dagen den 1. august vi la ut frå Oban i Skottland med kurs for Dublin ca 260 nautiske lengre sør. Vår gode skotske venn Sandy hadde då mønstra av etter å ha guida oss gjennom 27 sluser i heimlandskapet hans kring Caledonian Channel og Loch Ness. I siste slusa tok vi med ein dyvåt engelskmann som stod der med haiketommelen. Brian heitte han, og han var i beit for skyss til Oban. Det skulle vise seg at han blei med heilt til Cork – siste hamn før Biscaya. Prosjektet til Brian var litt utanom standarden, og både Sandy, Karoline og eg kikka noko undrande på einannan når han fortalte. Brian hadde nemleg tatt seg fri frå jobben som marknadssjef. Planen hans var, gjennom å reise Storbritannia på langs sju gonger, og samle pengar som han så skulle donere til forsking på leddgikt. Vi møtte han på hans nest siste tur mot Lands End, og den skulle han altså tilbakelegge med båt. Tidlegare hadde han nytta farkostane bil, motorsykkel, tog, helikopter og fly. Sjuande (og siste) gongen skulle han gå distansa til fots!

I seg sjølv er det beundringsverdig å gjere noko slikt som Brian hadde sett seg føre – å setje av såpass mykje tid og krefter til eit godt formål, men vi klarte ikkje heilt å skjønne korleis han skulle klare å nå målet sitt om ₤100.000. Når vi møtte han var totalen på ₤1.700… Vel, Brian visa seg å vera ein svært hyggeleg kar han, og vi sa ja då han eit døgn seinare spurte oss om haik til Cork.

Den 1. august var det perfekt vind for segling. Sola var framme og det bles frisk nordleg bris. Godt hjelpt av tidevatnet passerte vi raskt gjennom det vakre vest-skotske landskapet. Til forveksling likt nordvestlandet, men mykje grønare og rundare former omtrent utan skog. Smertefritt passerte vi dei kraftige malstraumane ved øya Jura, og då mørkret fall på såg vi ljosa frå fyret som markerte Mull of Kintyre og leia inn i Irskesjøen. Skyformasjonane hadde vokse seg noko større utover kvelden, men vèrmeldinga rapporterte kun om liten kuling. På lensande kurs og med rev i store var vi komfortable med dette.

Kring midnatt kokkelerte Brian lystig i byssa, mens Karoline som hadde fått seg eit par timar på auga sat saman med meg i cockpit. Som i alle seglbåtar er ovnen vår montert slik at han stort sett held seg vassrett sjølv om båten krengar aldri så mykje. Likevel er det ikkje noko særleg å operere grytene i 2-3 m sjø. Dette skulle Brian snart erfare. I det ei litt større bylgje tok tak var han i gang med å balansere ei fosskokande spagettigryte over mot utslagsvasken. ”Burny, burny, burny” høyrdest det idet grytene skramla i dørken. Brian stod med bar overkropp langt opp i vasken med rennande vatn då Karoline kom ned. Han klaga ikkje, men det var tydeleg at han hadde brent seg kraftig. Heile underarmen var eldraud men Brian insisterte på at vi måtte fortsetje vidare. Sant å seia hadde vi heller ikkje så mykje val, for no hadde det verkeleg vèret tatt tak, og ikkje lenge etter kom det eit småbåt-varsel over VHF’en samtidig som vindprognosa blei oppgradert til sterk kuling med liten storm i kasta.

Å segle i sterk vind er krevande men også litt skremmande. Samtidig er dette noko av det som fasinerer meg mest ved seglinga. Det er ei altomfattande påverking av sansane når vinden uler i riggen, sjøen skummar og skyt rygg mens ein etter beste evne søker å balansere det heile med ror og segl. Så lenge ein er trygg på utstyr og båt gir dette ei heilt spesiell oppleving, men det krev også eit godt samstemt mannskap. Det er viktig å vite kva som bør og skal gjerast i ein kritisk situasjon, og kven som gjer kva. I sterkt vèr har i hovudsak arbeidsdelinga vore Karoline på navigering, rigg og skjøte – mens eg har stått bak roret. Dette har fungert veldig fint, men vi må no rullere meir. Etter nokre timar bak roret synk konsentrasjonen og faren for å miste kontroll aukar.

Kulingen i Irskesjøen reid vi fint av. Litt utpå morgonkvisten hadde vinden dabba av til rundt 25 knop, og sola skein varmt. GPS’en viste at vi hadde satt ny fartsrekord med 14 knop denne natta, og i løpet av dei 24 timane det hadde gått sidan vi la ut frå Oban hadde vi tilbakelagt 160 nautiske. Veldig bra! Vi var langt føre skjema. Brian hadde på mystisk vis klart å sove seg gjennom heile natta og kom opp utkvilt - men armen var ikkje fin. Sjølv om han insisterte på å fortsetje bestemte vi oss for å setje kurs mot næraste bygd for medisinsk ekspertise.

(to be continued……)

torsdag, november 02, 2006

Med tett dass og stormfokk over Nordsjøen

"Vi må få ned genuaen!"

Det er midt på natt, vinden bles 27-28 knop og bylgjene sender i tide og utide våt dusj over mannskapet. Eg står ved roret og ser Kirsti henge vrengt over rekka mens Espen og Lena tek mot ordrar utan protest. Det er 7 timar sidan vi kasta loss i eit nydeleg sommarvarmt Kristiansand, men her sudom Lindesnes er det lite som minnar om slikt. Rettnok hinta metrologisk om vind frå vest, men ikkje verre enn at vi fant det greit å ta fatt på Nordsjøen. Syster mi Lena var med oss for nokre år sidan i 26-fots IF'en då vi havna i liten storm utanfor Læsø og måtte ri bylgjene mot dei svenske skjæra, men for Kirsti og Espen er dette nytt. Stakkars Kirsti tenkjer eg mens eg rorar båten opp mot vinden. Bleik heng ho der borte ved sprayhooden, og med oppblåst redningsvest er ho mildt sagt eit komisk syn. Veit ikkje om det var vesten som svikta eller om det var bylgja som var stor, men under ein kombinasjon av roping på elg og sjøsprut fylte han seg og - pang der sat ho.

Det var under innhalinga at Furlex-trommelen delte seg og banninga verkeleg tok av. "Helvete også! Den tålte det ikke!!" Frå baugen av båten let det eit forferdelig maserall der den halvvegs innsveiva genuaen trommar i vinden. "Vi må få ned fokka før det spjærer!" Karoline kuttar skjøtet og fortset fram i baugen for å dra ned genuaen. Eg kjenner meg litt hjelpeslaus der eg står ved roret og skodar fram i mørkret. Ville helst vore der framme og hjelpt til, men nokon må styre båten. Autopiloten ligg som kjent i papp, og i slikt vèr er det ikkje akkurat sympatisk å putte nybyrjarar bak roret. Det er vel ingen plass på ein seglbåt som er så utsatt som baugen når bylgjene står høge, og eg ropar til Karoline at ho må passe seg og sikre godt. Ho jobbar iherdig og snart er seglet trygt under dekk og stormfokka på veg opp langs kutterstaget.

Eg vil ikkje kalle det mytteri, men kombinasjonen natt, vått, kaldt, vind, spying, bylgjer og sundriven furlex enda fort opp i snakk av typen kanskje vi bør snu? Sjølv om vi visste at kun få nautiske lengre framme venta den sørlege gode vinden, så vart det ingen stor diskusjon. Vi snudde. Etter 5 timar la vi til kai ved Mandal, og 15 timar seinare var atter på kurs mot Skottland - 2 mann fattigare, men ved godt humør! Lena blei med. Ho ville ha meir av desse vestlege vindane utanfor Lindesnes - for dei venta der fremdeles. Men denne gongen var stormfokka på plass, store var reva, kaffen i kanna - og etter 3,5 døgn med 3 timar kuling, 67 timar bris og 14 timar tåke steig Skotland fram. Det gjekk greit sjølv om dassen var tett.