søndag, november 19, 2006

I Ruffens rike

”Fogpatches” meldte dei over VHF’en då vi nærma oss Skotlandskysten i sommar. Det høyrtes uskuldig ut i mine øyro, men 12 timar med 50–100 m sikt i mørkret mellom boreriggar og ivrige fiskarar var slitsomt. Under slike forhold er ein omtrent nøydd å vera to på vakt; ein bak roret og ein som hjelper til med utkikk. Sidan vi ikkje har radar er skrekken å møte skip på kollisjonskurs og med sovande kaptein. Saman med syster mi Lena kom vi oss fint gjennom skoddebankane utanfor Skotland, men trøyttande var det. I tillegg til å få på plass ny rullefokk, blei prosjekt nr.1difor å installere autopiloten. Viktigheten av å få denne operativ blei ytterlegare forsterka etter turen gjennom Irskesjøen.

Det var midt på dagen den 1. august vi la ut frå Oban i Skottland med kurs for Dublin ca 260 nautiske lengre sør. Vår gode skotske venn Sandy hadde då mønstra av etter å ha guida oss gjennom 27 sluser i heimlandskapet hans kring Caledonian Channel og Loch Ness. I siste slusa tok vi med ein dyvåt engelskmann som stod der med haiketommelen. Brian heitte han, og han var i beit for skyss til Oban. Det skulle vise seg at han blei med heilt til Cork – siste hamn før Biscaya. Prosjektet til Brian var litt utanom standarden, og både Sandy, Karoline og eg kikka noko undrande på einannan når han fortalte. Brian hadde nemleg tatt seg fri frå jobben som marknadssjef. Planen hans var, gjennom å reise Storbritannia på langs sju gonger, og samle pengar som han så skulle donere til forsking på leddgikt. Vi møtte han på hans nest siste tur mot Lands End, og den skulle han altså tilbakelegge med båt. Tidlegare hadde han nytta farkostane bil, motorsykkel, tog, helikopter og fly. Sjuande (og siste) gongen skulle han gå distansa til fots!

I seg sjølv er det beundringsverdig å gjere noko slikt som Brian hadde sett seg føre – å setje av såpass mykje tid og krefter til eit godt formål, men vi klarte ikkje heilt å skjønne korleis han skulle klare å nå målet sitt om ₤100.000. Når vi møtte han var totalen på ₤1.700… Vel, Brian visa seg å vera ein svært hyggeleg kar han, og vi sa ja då han eit døgn seinare spurte oss om haik til Cork.

Den 1. august var det perfekt vind for segling. Sola var framme og det bles frisk nordleg bris. Godt hjelpt av tidevatnet passerte vi raskt gjennom det vakre vest-skotske landskapet. Til forveksling likt nordvestlandet, men mykje grønare og rundare former omtrent utan skog. Smertefritt passerte vi dei kraftige malstraumane ved øya Jura, og då mørkret fall på såg vi ljosa frå fyret som markerte Mull of Kintyre og leia inn i Irskesjøen. Skyformasjonane hadde vokse seg noko større utover kvelden, men vèrmeldinga rapporterte kun om liten kuling. På lensande kurs og med rev i store var vi komfortable med dette.

Kring midnatt kokkelerte Brian lystig i byssa, mens Karoline som hadde fått seg eit par timar på auga sat saman med meg i cockpit. Som i alle seglbåtar er ovnen vår montert slik at han stort sett held seg vassrett sjølv om båten krengar aldri så mykje. Likevel er det ikkje noko særleg å operere grytene i 2-3 m sjø. Dette skulle Brian snart erfare. I det ei litt større bylgje tok tak var han i gang med å balansere ei fosskokande spagettigryte over mot utslagsvasken. ”Burny, burny, burny” høyrdest det idet grytene skramla i dørken. Brian stod med bar overkropp langt opp i vasken med rennande vatn då Karoline kom ned. Han klaga ikkje, men det var tydeleg at han hadde brent seg kraftig. Heile underarmen var eldraud men Brian insisterte på at vi måtte fortsetje vidare. Sant å seia hadde vi heller ikkje så mykje val, for no hadde det verkeleg vèret tatt tak, og ikkje lenge etter kom det eit småbåt-varsel over VHF’en samtidig som vindprognosa blei oppgradert til sterk kuling med liten storm i kasta.

Å segle i sterk vind er krevande men også litt skremmande. Samtidig er dette noko av det som fasinerer meg mest ved seglinga. Det er ei altomfattande påverking av sansane når vinden uler i riggen, sjøen skummar og skyt rygg mens ein etter beste evne søker å balansere det heile med ror og segl. Så lenge ein er trygg på utstyr og båt gir dette ei heilt spesiell oppleving, men det krev også eit godt samstemt mannskap. Det er viktig å vite kva som bør og skal gjerast i ein kritisk situasjon, og kven som gjer kva. I sterkt vèr har i hovudsak arbeidsdelinga vore Karoline på navigering, rigg og skjøte – mens eg har stått bak roret. Dette har fungert veldig fint, men vi må no rullere meir. Etter nokre timar bak roret synk konsentrasjonen og faren for å miste kontroll aukar.

Kulingen i Irskesjøen reid vi fint av. Litt utpå morgonkvisten hadde vinden dabba av til rundt 25 knop, og sola skein varmt. GPS’en viste at vi hadde satt ny fartsrekord med 14 knop denne natta, og i løpet av dei 24 timane det hadde gått sidan vi la ut frå Oban hadde vi tilbakelagt 160 nautiske. Veldig bra! Vi var langt føre skjema. Brian hadde på mystisk vis klart å sove seg gjennom heile natta og kom opp utkvilt - men armen var ikkje fin. Sjølv om han insisterte på å fortsetje bestemte vi oss for å setje kurs mot næraste bygd for medisinsk ekspertise.

(to be continued……)

Ingen kommentarer: