søndag, november 19, 2006

Las Palmas neste!


Pòvoa de Varzim er ei våt og vindfull oppleving. Lenge sidan eg har opplevd slikt av på vèr som viser seg her, og det seier ikkje så lite - for sjølv om Vågslid ligg på den såkalla ”solsida av Haukelifjell”, så er det ikkje innlandsklimaet som dominerar. Heldigvis ligg denne kystbyen nord for Porto på breiddegrader som tilseier mange plussgrader sjølv om datoen i dag er 19. november. Men eg veit ikkje – til tider ville eg foretrukke minusgrader og snostorm for då held ein seg i allfall tjurr! Det er greitt å bli våt ei eller to gonger, men når det er slik at ein renn dyvåt berre ein stikk tåa utanfor salongen, ja då vil eg heller vera i ei skikkeleg snoføykje. Når det er sagt ville eg ikkje vore ein annan stad enn der eg er akkurat no!

Etter planen skulle vi no vore på veg til Kanariøyane. Ein kan skulde på vèrgudane, men sant skal seiast at uansett om havet hadde vist seg frå si beste side med fin bris og rolige dønningar, så hadde vi ikkje kome oss av garde likevel. Årsaken til dette ligg godt tilbake i tid – heilt tilbake til Hovedøya i sommar då vi dreiv på som verst med tetting av båt, saging, hogging, mekking og snikkering. Sjølv om vi var sikre på at båten etter kvart var tett, så fant vi fort ut at nei då, det var slettes ikkje tilfelle. Vatn sipla inn frå rorstamme, propellaksling og vindauga. Særleg sistnevnte meinte vi å vera innanfor kompetanseområdet, og eg tek ikkje for hardt i når eg seier at vi til saman brukte 4 døgn på langflat åling langs dekk med sikaflex, aceton, såpe og skrutrekkar. For dei som ikkje er spesielt interesserte i den slags arbeid kan eg berre anbefale ein ting – gje blaffen, kom deg til Portugal, engasjer ein lokal handtverkar og konsentrer deg heller om å få skikk påhengaren til lettbåten. For det er den vi ventar på no. Påhengaren og elektrikaren som skal fikse dynamoen!!

Eit anna godt råd for komande langfarande er å ikkje la favorittkleda ligge att i båten når du dreg heimatt. I løpet av dei godt og vel 2 månadane vi var heime i Oslo har ein eller annan muggsopp funne seg til rette i klesskapet og på dekorativt vis laga grøne og blågule fargemønster i dei før så flotte skjortene. Ein runde med Blenda tok rettnok knekken på fargane, men det er ikkje spesielt vakkert med gråprikka kvitskjorte heller.

Men bortsett frå vèr, vind og litt anna småtteri byrjar ting å bli rektig så bra. Båten er etter kvart tett, motoren gjeng fint, og vi har funne plass til det meste av utstyr, mat og klede slik at det faktisk ser ryddig ut. Dessutan fikk vi her om dagen på plass resten av mannskapet. Øystein og Eva kom frå Moss og vi merkar alt no kor mykje enklare og raskare ting går når det er fleir til å dele på oppgåvene. Eva laga ein glimrande kalkunmiddag i går og Øystein tok glatt på seg snikkararbeid då det visa seg at botnen var på veg til å falle ut av barskapet. Vi er veldig glade for å ha selskap over Atlanteren. I tillegg til det sosiale er det heilt klart mykje tryggare å vera 4 over eit såpass havstrekk. No skal ikkje eg skryte på meg særleg mykje langturerfaring, men vi gjorde oss nokre gode erfaringar på turen ned hit i sommar. I og med at det heile tida må vera minimum ein på vakt blir det i lengda ganske slitsomt å segle berre to.

Sondag 19. november er dagens dato, og vi bestemt oss for å kaste loss! Påhengaren er fiksa, dynamoen ladar, mat og drikke er handla inn, og vèrprognosene er greie. For fyrste gong sidan vi kom hit er det tilnærma opphald og vinden er fin både på retning og styrke. Det er dessutan meldt full storm her komande torsdag, så det er berre å koma seg av stad! Vi tar sikte på å nå Las Palmas på Gran Kanaria om ca ei veke. Reknar med det er mogleg å finne plass der då i og med at startskotet for ARC-seilasen er den 26.

Vi gler oss til varmare vèr, mindre regn og fin seilas sydover!!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hm, dette er kanskje første tur i denne omgang? God tur!

Roger

Anonym sa...

Æ're gøtt fiskevêr dera då alsø!? SKIT MÆ KLÆI, MEN D TRENG DEI SNART IKKJE ALLIKAVÆL:-) GO TUR , GØTT Å HØYRE D Æ AVSTAD!!

Lotte Olsen sa...

Gratulerer med flott mannskap! Ta godt vare på hverandre - og god tur!

Hilsen Lotte fra Moss