fredag, september 28, 2007

Bald Eagles på Cape Breton Island


Har no komme til Breton Island og seglar for tida rundt midt inne på øya her i det som heiter Braidor Lakes. Villmarka blir stadig tydelegare og landformasjonane minner meir og meir om gamlelandet. Sidan vi snart er ferdig med seilasen så passar denne flytande overgangen til kaldare klima igrunnen veldig bra! I går ankra vi opp like ved eit indianerreservat og det fyrste ein ser ut av gluggen på morgonkvisten er ein svær flott Bald Eagle i toppen av tjurrfurua berre 100m frå båten. Dessverre møtte vi ingen indianarar, men reknar med å sjå Moose og Svartbjønn ein av dagane! Det må vera nokon i området for dei knattar og skyt med riflene sine i åsane her - jaktsesongen er tydeleg i gang. Ørnene her er visstnok ikkje altfor menneskesky så dersom ein mot all formodning skulle vera så heldig å få ein fisk på kroken, så skal den sparast til ørnefor. Men fisket har vore aldeles elendig i det siste. Sjølv investering i lokale krokar har ikkje ført fram - havet virkar totalt daudt. Overfiske har ført til at torsken er freda og restriksjonane på laksefiske er også store. Men noko fisk må det likevel vera, for fuglelivet er variert og rikt. Spesielt er det mykje skarv å sjå, samt suler og måkefugl.

Vi har enno ikkje bestemt kor vi tek båten på land, men det er mange alternativ i området og vi får stadig gode tips. Elles har det nyinnstallerte varmeapparatet vist seg å vera ein stor suksess. Etter nokre dagar i dobble ullplagg, luve og rennande nase, er vi no atter attende til underbukseantrekk. Vel og merke begrensar dette seg til opphaldsroma under dekk, men det er luksus å bli tjurr og varm!

Haustfargane er på veg og likeså startar det snart ein festival her ved navn Celtic Colors. I fylgje dei lokale trekker denne festivalen folkemusikarar frå heile verda, så forhåpentlegvis blir det høve til å få med seg ein konsert eller to.

No ligg tåka tjukk her og regnet har starta så det er vel på tide å starte opp varmeapparatet slik at også Karoline kjem seg ut av dyna! (Klokka er 10 så det er jammen på tide!) Planen var å segle nordover til Sydney i dag, men med denne sikta blir det nok eit døgn til her i Badeck.

TILBAKEBLIKK: EIN DAG PÅ ATLANTEREN


3 kommentarer:

Anonym sa...

Heia! Gleder meg til dere kommer hjem til moderlandet. Selv om det blir en vesentlig endring å komme tilbake til oss her i nord, kan vi love; hverdag, mer plass, ting som funker, fredagspils på BP, quiz, lange lunsjer, øl og fotball på O'reileys, asfalt under føttene, ryddet kontorpult og hyggelig miljø. PS! Har forsøkt å ringe deg et par ganger Lars, men mobben din er nok ikke så ofte på. Kos dere den sist måneden, så ses vi snart. Mvh Dagfinn

Makai sa...

Høyrest veldig bra ut Dagfinn! Det skal bli godt å sjå deg og alle andre venner att snart! Kontantkorttlf min virkar ikkje her i Canada, og det norske mobnr mitt har vore ute av drift sidan eg mista tlf min i Mexico. Men mail funkar! Lars

Anonym sa...

Viktig å ikke glemme skiturer til vintern! Har forresten blitt med på åremålshytte i Hemsedal!

Blir bra å få dere hemmat!

Johs