lørdag, juli 12, 2008

Beslutninga

Så ligg vi her i St.John's og ventar på denne Bærta som ligg der nede og rotar opp sjøen kring Bermuda. Det var ikkje akkurat planen. Skal det bli slik at vi faktisk må ta båten opp på land her borte nok ei gong?? Blir dårleg berre ved tanken.. Problemet er at orkanen tilsynelatande har stoppa opp og berre ligg og lurar i sør. Kan ta veker og dagar før den har blåst seg ferdig, og då slit vi sjølvsagt med å få båten heim før jobb og andre plikter ventar.

I går konkluderte vi på å avvente og heller segle litt langs kysten her og kikke på kval. I dag er stemninga litt annleis. Karoline begynnar å bli klar for å setje kursen nordover mot Island for på denne måten å halde størst mogleg avstand til orkanen samtidig som vi trass alt kjem litt nærmare gamlelandet. Dagens skipsråd bestemmer utfallet.

Beskjed frå kapteinen: Gjør klar! Vi drar!

Karoline kom innom kaffesjappa der eg sit og surfar på dei utallige versidene. Eg gjekk altså glipp av skipsrådet, men beslutningen er tatt - og den støttar eg.

Då ber det til sjøs!! Kjære gode Bærta, ikkje kom etter oss..

1 kommentar:

Åse sa...

Vi skal si til Bærta at det er mye morsommere nedi sør så hun får bare holde seg der en god stund til :)

Regner med at skipsrådets kloke hode(r) har god peil og at dere får en finfin seilas!

Lykke til og nyt turen!

Mange klemmer fra Åse, Jan Kåre, Mina og Teodor/xxxx