søndag, juli 20, 2008

Dramatisk kursendring

20.07 kl. 1800. N59.12. W38.47. Då har vi ligge bi her i dette folketome
havet i snart eit døgn, høyrt på vinden og kontinuerleg fått trent mage-
og ryggmusklatur i kompensasjonen for rullinga i sjøen. Soving har utgjort
hovudaktiviteten. Kleda våre har vi også fått tørka så nokonlunde etter at
alt blei sørpande gjenomvått i striregnet og bylgjeskvalpet under
bilegginga i lågtrykket i går kveld. Bertha passerar akkurat no på grei
avstand i aust, og verprofetane våre melder om gode utsikter for den
komande veka. Vi planlegg difor å ta opp att seglinga i natt, og denne
gongen med kurs aust mot Shetland. Dit er det 1131 nautiske, eller ca 8
døgn seilas. Etter meir enn ei veke til havs skal det bli godt å endeleg
sjå ein kompasskurs som peikar heim!

Ingen kommentarer: