tirsdag, mars 06, 2007

Cuba libre

”Karoline! Det er ein offisiell gubbe her som ikkje kan engelsk, og hanlurar på eit eller anna om skuta vår!! Ååååhhhh – ikkje no igjen sukkarKaroline..” Det er veldig kor interesserte dei er i kapteinane her iCuba tenkjer eg. Gode dagar for meg altså, men for Karoline er det velså som så.. Dvs, vi har ikkje hatt noko trøbbel med det offentlege her,men det tek jammen si tid!! Då me ankom Santiago de Cuba ein vindfulldag på morgonkvisten den 18. februar til avtalt tid for å mønstre påLiv, Tor Håkon, Matilde, Guro, Bjørn Olav og Lena var det ikkje akkuratgjort i ein fei! Me hadde høyrt rykte, men at det skulle koma 18offentlege tenestemenn om bord var vel ikkje akkurat forventa.

Etter å ha vore til havs i nærare 8 døgn frå Dominica, og etter i samrådmed UD ha navigert oss minimum 25 nm utanfor kysten til Haiti, var denfyrste smaken vi fekk av Castros menn havnemeistaren som kalla Makaiover VHFen. Dette skjedde samstundes med at vi hadde vår fulle hyre i 25knops vind å krysse oss inn mot Santiago. ”Jævlig gode kikkerter de harher!” sa Karoline. Russiske meinte eg. Javel – vi kom oss inn med 10liter diesel att på tanken og der møtte dei oss inne i ei fantastisknaturgjeven havn – og ein havnemeistar som kunngjorde at no kunne balletbyrje (etter at eg hadde fått kjeft for å hoppe i land med eifortøying..). Fyrst kom havnesjefen, og sidan kom dei i rad og rekkje;toll, immigrasjonsoffiseren, innanriksministeriet, transportoffiseren,veterineren, doktaren, bikkja, grensevakta osv… Forutan ei stakkarslegfluge, som hadde forvilla seg inn blant havregryna våre, fann deiingenting, og me fekk omsider våre 30-dagars visum.

No, 14 dagar seinare er vi i Cienfuegos og tenkjer tilbake på uvanlegfine dagar saman med med Lena, Liv, Tor Håkon og ungane. I den tida vi
mykje takka vere Castros menn som nekta oss landlov i ved Cabo Cruz, ogsom dermed gjorde sitt til at vi måtte setje opp regnskap over vatn, øl,og anna nødvendig inventar. Sjølv om vi fort gjekk tom for det som fanstav nytelsesgoder, så hadde vi ei uvanleg fin veke med seilasnordvestover mot byen Trinidad. Korkje ungar eller vaksne så mykje somheva røysta då det plutseleg bles opp til stiv kuling midt på natta,eller då vi ikkje fann den påståtte resorten eller det flytandehotellet. Det vi istaden fann var 120 ubebudde øyar med mangrover allover og sandstrender utan ende med krystallblåner og fuglar og iguanas ifleng. På mange måtar eit paradis, men lunfullt i så måte at straumanevar lumske og vinden lunefull. Eine natta måtte vi sitje ankervakt dådet visa seg at vind og starum hadde maktkonkurranse med det som fylgjeat båten drog 8-talls manøverar heile natta! (Me gjorde faktisk opptil1,5 knop mens me låg til anker den natta…!) Til stor glede for Tor Håkonhadde me krokkostorleik barracuda under kjølen desse dagane inne blantJardines De la Reina - øyane, og opplevde etter norske høve eit uvanlegfiske: Ein fisk (3 x så stor som vanleg aure) kom for eksempel opp medkroppen delt i to. Like etter var eg ute i gummibåten for å ta imot nyfangst, men måtte melde pass då gigantgapet og sylspissane åpenbara seg.Vil heller ta imot gjedde enn barracuda altså..

Trinidad – hmm.. har ikkje vore i Havanea endå, men det er ein by som erverdt å ta turen innom. Haug på haug med kunst og livande musikk. Midt ibyen ligg det for eksempel ei tropp som på kveldstid blir gjort om tilei gedigen konsertarena med 12-mannsorkester (trad.) og salsaerandemenneske mellom trapper og cuba libre. Ikkje lett å rive seg laus frådette sjølv om morgonkvisten var på gang og sigarane på hell. Dette børopplevast av alle med hjarte for genuin musikk!

-Tusen takk

6 kommentarer:

Anonym sa...

Åh! Jeg blir bare mer og mer misunnelig. Cuba høres fantastisk og byråkratisk ut. Tenker dere fikk testet tålmodigheten. Ha det fantastisk videre, uansett hvor det blir. Skal forresten kanskje intervjue Odd i neste uke, Lars. Han skal ha konsert i Moss. Regner med at jeg skal hilse.. he he. Klem eva

Anonym sa...

Herlege dagar, skjønnar eg. Me får vel høyre kven som vinn kontrollfreak-konkurransen når de legg til kai i Sambandstatane.

Makai sa...

Ja Eva du maa helse saa mykje til denne raklespelemannen fraa Vinje.. hehe. Forresten er det ingen bookingar paa Makai for tida, saa det er berre aa ta seg over Atlanteren (nok ein gong!) Hels Oystein!

Makai sa...

Trur eg veit kven som vinn den konkurransa der, Inge. Spesielt blir det interressant om me dreg fraa Cuba direkte til Sambandstatane...

22. mars var datoen ikkje sant?

Anonym sa...

HOLA FAMILIARES! "Patria e Liberta" fungerer som planlagt. Vi gleder oss til deres blogger og følger med. Takk f. det. Heile "gjengen"har det bra - ungane er såååå trøtte og ganske tenkelige. Trør at cuban puro smakte god allikevell.
Ha en god vind- A&Z

Anonym sa...

Gratulerer!Skulle bare mangle og la være å spise etter de synnlige "gjerdestolper" hos Lars sin forlatet kropp. Endelig noe gratis kiloen kan han legge på seg. Men han må passe på å ikke miste balformet sin med ivrigheten i "vild salsaen". Kjekk å høre noe nytt.