fredag, juli 25, 2008

Legg oss bi.. igjen

25/7. Kl 1600. N60.30. W019.08. Etter nokre døgn med relativt ok kuling
frå sør, blei vi i natt innhenta av lågtrykket vi trudde vi hadde lurt oss
unda. Men etter eit halvt døgn med beinhard kryss og kuling midt i fleisen
var vi såpass mørbanka at einaste fornuftige var å legge bi. Så no ligg vi
her då, og ventar.. Siste vermelding seier at det skal snu på sør igjen i
løpet av det neste døgnet, men i og med at det er ca 535 nm til Shetland,
så er det heilt klart at vi ikkje rekk tilbake til jobb på måndag. Elles
har vi det fint. Hermetikken er god og det er fremdeles rom på flaska :-D

1 kommentar:

Anonym sa...

Åh! Visste ikke at dere var på nett igjen! Krysser fingrene for at vinden løyer og blåser deres vei igjen snart. Hold ut!! Klem eva