lørdag, juli 26, 2008

Pa tide med ein dusj snart

26/7 kl 20:00. N61.44. W015.17. Då er me endeleg ute av det hersens
Islandske lågtrykket, og i dag har det faktisk vore skyfritt!! Cecilie
blei heilt frå seg av begeistring då ho på morgonkvisten fekk sjå det
fyrste tegn på sivilisasjon på 14 dagar; ei flystripe! Og no er det
også såpass vindstilt her at motoren har fått varma seg litt, men det går
jo ikkje akkurat fort dette her. Vi har framleis 410 nm til
Shetland, så dersom alt går greit skulle vi vera framme på onsdag. Akkurat
det passar i grunnen fint, for no er det ikkje all verdens vatn att på
tanken, og skulle heller ikkje forundre meg om også romflaska er tom då...

Ingen kommentarer: