tirsdag, juli 29, 2008

Torshavn!

Klappa til kai i Torshavn kl 0630 i dag tidleg. Og her blir båten
liggande. Me rakk rett og slett ikkje koma oss til Shetland og samstundes
koma heim tidsnok, så difor legg me oss her - men dette er jo ein fin
plass! Då me kom inn her i tåketjukka i dag tidleg blei me møtt med
Jaegermeister og anna dram, for her er det rett og slett full fest visar
det seg. Dei feirar Olsok og det er visstnok årets største kalas her på
Færøyane. Synd at flyet går så tidleg i morgo, for det hadde vore moro å
vera med på galskapen. Karoline kom akkurat att frå havnekontoret, som
forøvrig heldt stengt for dagen, og kan berette at byen er full av fulle
folk. Reine landskappleiken med andre ord...

No skal det seiast at me eigentleg ankom øygruppa i går kveld;
handelsbygda Tvøroyri på Sørøya, og at me gjorde eit heidarleg forsøk på å
nå Shetland. Men det blei rett og slett for tett tidsmargin. Det fine er
likevel at me har fått sett litt meir av øyene her. Vel, sett og sett. Dei
siste 2 døgna har vore eit tåkehav av dei sjeldne, så det einaste me har
sett er eigentleg brygga i Tvøroyri, litt av havneområdet i Torshavn samt
høyrt masse sauebreking oppe i liene. Får håpe tåka lettar litt i dag.

Då må me igang med dagens hovudaktivitetar; klargjering og rydding av
båten, soving, dusjing og Olsok-feiring. Takk for turen!

1 kommentar:

Anonym sa...

Grattis med nok en etappe unnagjort, nærmer seg nå..!! :-)
Espen